Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Freistande smakar frå fjordregionen på verdas største matmesse
20 utvalde lokalmatverksemder frå heile Vestlandet reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat-og reiselivsopplevingar i verdsklasse.
Kvifor reise til Berlin?
Noregs deltaking på IGW skal bidra til å utvikla Noreg som mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Landbruks- og matdepartementet si satsing på denne messa skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser.
For deltakarane er dagane i Berlin ei unik moglegheit for å bli kjende med andre gardsmat- og reiselivsaktørar. Ikkje usannsynleg at nye produkt og avtaler har sitt opphav frå hektiske arbeidsdagar på messestanden i Berlin. Det er desse matopplevingar og reiselivstilbod som er den minneverdige essensen i besøksopplevingane turistar får med seg når dei kjem til Noreg.
Mangfald av råvarer
Det blir råvarar og foredla produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost og urter som ingrediensar i rettane som skal bli servert i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert med og vil ha ein tydeleg plass i marknadsføringa av regionen. I ein «Tasting-Lab» vil vi invitere sommelierer, matskribentar, presse og tyske importørar til å teste ulike sidare til lokale produkt som tilsaman blir “Smaken av Fjord Noreg”.
Kven står bak?
IGW-deltakinga er eit samarbeid mellom Statsforvaltarane i Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland. Prosjektet har fått støtte av Innovasjon Norge, fylkeskommunane og Statsforvaltarane i nemnde fylke. Deltakande verksemder stiller med mykje eigeninnsats.
Matarena AS gjennomfører det praktiske arbeidet som innleigd prosjektleiar.
Desse er med på standen til "Fjord Noreg"
Rogaland
|
Apal Sideri |
|
Lysefjorden Sjokolade |
|
OmCider |
|
Ryfylke Gardsysteri |
|
Ystepikene |
|
Matfagleg ansvarleg, Sebastian Schläwicke, Smaken av Ryfylke |
Vestland
|
Edel Sider/Åkre Gard |
|
Fjellestad Gardskjøken |
|
Fretheim Hotell v/ kokk Bjarte Finne |
|
Gardsbrenneriet |
|
Hardangerbonden |
|
Myrdal Gård |
|
Slettevollen Gardsysteri |
|
Kandal Kjøt |
|
Sølvane Gard |
|
Varegga Mat fra Bergen |
|
Matfagleg ansvarleg, Øyvind Vestrheim, Spesialgrossisten Troye |
Møre og Romsdal
|
Eggen Restaurant |
|
Frøysagarden |
|
Tingvollost |
|
Sider AS |
|
Skarbø Gard |
Kontaktpersonar hjå Statsforvaltaren
Aud Lindset Drågen - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
[email protected] / 90 86 54 59
Annabell Pfluger – Statsforvaltaren i Rogaland,
[email protected] / 97 61 38 07
Marit Hjortung – Statsforvaltaren i Vestland,
[email protected] / 90 61 95 92
Prosjektleiar Dirk Kohlmann - Statsforvaltaren i Vestland,
[email protected] / 41 29 65 50