Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Sommarfuglar på Brusand
Sommaren 2010 blei det ved hjelp av lysfeller på nett og tradisjonell fangstaktivitet med håv på dagtid, gjort ei brei kvalitativ undersøking av sommerfuglfaunaen i sanddyne- og våtmarksområda på Brusand i Hå. Rapporten frå Kjell Mjølsnes er no klar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Resultat frå undersøkinga blei presentert i ein fyldig rapport (Mjølsnes 2011). Dei etterfølgande sesongane har arbeide med å kartlegge sommerfuglfaunaen fortsatt i varierande grad, og denne rapporten presenterer dei samla resultata frå alle systematiske og tilfeldig kartleggingar av lepidoptera utført av Kjell Mjølsnes - Mangfold og andre i verneområda på Brusand frem til og med sommaren 2017.
Blant dei 460 sommerfuglane som til no er identifisert i dette område finn vi fleire sjeldne og rødlista artar. Hovudvekta i rapporten er på dei 20 rødlista sommerfuglartane som er registrert i dei ulike delane av Jærstrendene landskapsvernområde på Brusand. Leveområde og vertsplantar for artane er omtala, og for nokre artar skissert generelle eller meir konkrete tiltak for å ta vare på artane sine leveområder på Brusand og langs jærkysten generelt.