Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Ny styringsportal for fylkesmennene
Styringsportalen er ei nettbasert løysing for publisering og tilgjengeleggjering av styringsdokument. Løysinga inneheld tildelingsbreva for 2016 og verksemd- og økonomiinstruksen for alle fylkesmennene.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.02.2016
Styringsportalen inneheld også bakgrunnsinformasjon til oppgåvene i verksemd- og økonomiinstruksen, gjennom lenkjer. I tillegg er det mogleg å søkje etter heile eller utvalde deler av dokument.
Løysinga er utvikla av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Adressa til den nye styringsportalen er: http://styringsportalen.regjeringen.no