Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.

Vil auke vaksinasjonsdekninga hos helsepersonell

Helsepersonell er meir utsett for smittsame sjukdomar enn befolkninga generelt. Ein ny rettleiar har mål om å auke vaksinasjonsdekninga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.12.2019

Målgruppa for rettleiaren er arbeidsgjevarar, og arbeidstakarar med pasientkontakt.

Målet med rettleiaren er å auke vaksinasjonsdekninga hos helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt for å

  • hindre at dei spreier smitte til pasientar og kollegaer
  • beskytte den tilsette mot sjukdom forårsaka av smittestoff dei blir eksponert for i sitt arbeid
  • redusere sjukefråvær, oppretthalde beredskap og kapasitet i helse- og omsorgstenesta 

Rettleiaren er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Direktoratet for arbeidstilsynet.

Rettleiaren kan du lese ved å trykke på denne lenkja. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.