Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Aaltvedt Betong AS har fått endra løyve etter forureiningslova
Statsforvaltaren har endra løyvet til Aaltvedt Betong AS til verksemd etter forureiningslova for anlegget på Voldsfjorden industriområde i Skien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.03.2021
Aaltvedt Betong AS produserer belegningsstein, heller og andre produkt i betong. Dei lagar og brikettar frå fint materiale (støv) som gjer metall i materialet meir tilgjengeleg for utvinning. Verksemda har utslepp til luft og vatn frå disse prosessane. Meir opplysningar finn du i dokumenta til høgre.
Partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket.
Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 09.04.21 til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til [email protected]