Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Innleiande dialog om Øystesefjella som mogeleg nasjonalpark
Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut eit mogeleg vern av Øystesefjella. Sida vil bli oppdatert når det kjem nye referat.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I startfasen
Fordi vi no er heilt i startfasen av oppdraget, føreligg det førebels lite informasjon å dele. Vi prioriterer i første omgang å ha dialog med politisk og administrativ leiing i kommunane og grunneigarorganisasjonar, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar.
Informasjon
Til no har vi hatt møte med politisk og administrativ leiing i Kvam herad, Samnanger kommune og Vaksdal kommune. Vi har gjennomført open informasjonskveld for grunneigarar i Øystese 4. april. Vi informerte om oppdraget for kommunestyret i Samnanger 7. april, i Vaksdal den 10. mai og i Kvam 24. mai.
Det har vore nytting for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.
Referat og presentasjonar ligg til høgre. Føl lenkja i høgrefana for å få meir informasjon om Øystesefjella og for å få oversikt over prosessen framover.