Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Mange arbeidstakarar over 55 år, gjev stort behov for nyrekruttering
Tilgang på tilstrekkeleg personell med rett og nødvendig kompetanse er ei av hovudutfordringane i dagens og framtida sine helse- og omsorgstenester.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette krev at kommunane kontinuerleg vurderer kompetansebehovet og set i verk tiltak. Systematisk arbeid med leiing, arbeidsmiljø og seniorutfordringar er også sentralt i dette bildet.
Samhandlingsreforma aukar behovet for spesialisert kompetanse, til dømes innan førebygging, akutt behandling og rehabilitering. Samstundes er det viktig å halde fast på behovet for god basiskunnskap i tenestene. Vi ser ein tendens til at kommunane søkjer om tilskot til meir spesialiserte vidareutdanningar og at grunnutdanning i helsearbeidarfaget blir lågare prioritert. Vi må halde oppe fokuset på begge nivåa, både basiskompetanse og spesialistkompetanse.