Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Coop årets leverandør av økologiske produkt
Coop får tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt. -Dei får prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid og at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet, seier Anne Berit Løset, landbruksdirektør i Møre og Romsdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prisen vert delt ut på Den Norske Matfestivalen i Ålesund torsdag 28. august.
-Nasjonalt har vi sett oss mål om å auke produksjon og forbruk av økologiske varer til 15 prosent innan 2020. Dette er eit stort løft, og vi treng tydelege lokomotiv som kan gå fremst i dette arbeidet. Årets prisvinnar er eit godt eksempel på det, seier Løset vidare.
Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer. At det er ein av gigantane i daglegvarebransjen som får prisen grungjev juryen slik:
- Coop er ein stabil leverandør som har satsa over tid, og som gjer det enkelt å finne økologiske produkt i heile landet, også på små stader i distrikta.
- Coop har eiga synleg, økologisk merkevare.
- Dei sel økologisk lokalmat frå produsentar i dei ulike regionane, som til dømes frukt, grønsaker og ost.
- Butikkane har tilbod og kampanjar på økologiske varer, noko ein sjeldan ser elles.
- Coop fortener påskjøning for at dei har så godt utvalg og satsar på økologi.
Prisen skal delast ut 28. august under Den Norske Matfestivalen i Ålesund, på konferansen «Matkultur og reiseliv». Miljøsjef i Coop, Knut Lutnæs, kjem til Ålesund for å motta prisen.
Prisen for Årets leverandør av økologiske produkt vert i år utdelt for tiande gong. Det er Den Norske Matfestivalen, Bioforsk økologisk og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som står bak prisen.