Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Etterhandskunngjering av løyve til Velde Produksjon AS Gismarvik
Fylkesmannen har gitt løyve til Velde Produksjon AS etter forureiningslova § 11 for drift av asfaltverk i Gismarvik, 65/15 Tysvær.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Verksemda har ei teoretisk produksjonskapasitet på 240 tonn vegmasse per time, men vil i praksis kun produsere 180 tonn. Årleg produksjonsramme er sett til 450.000 tonn inkludert asfaltflak og fresemasse til gjenvinning.
Anlegget kan til ei kvar tid maksimalt mellomlagre 10.000 tonn returasfalt.
Vilkåra i løyet samsvarer med sjølvberande vilkår i forureiningsforskrifta kap.24 «Forurensninger fra asfaltverk».
Drift av asfaltverket påverkar i liten grad naboar og ytre miljø.
Fylkesmannen har derfor vurdert det tilstrekkeleg å etterkunngjere løyvet.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller [email protected]
Sjå løyve og saksdokumentar som ligg vedlagt.