Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Skole og barnehage
Utdanningsavdelinga fører tilsyn med kommunane, fylkeskommunen og andre som driv opplæring etter opplæringslova (inkludert opplæring for vaksne, opplæring innanfor kriminalomsorga og opplæring i sosiale og medisinske institusjonar).
Utdanningsavdelinga fører også tilsyn med at kommunane som barnehagemyndigheit utfører dei oppgåver dei er pålagde etter barnehagelova med forskrifter. Fylkesmannen kan føre tilsyn med barnehagar i særlege tilfelle.
I tillegg fører utdanningsavdelinga tilsyn med ordningane i introduksjonslova. Det er Utdanningsdirektoratet som fører tilsyn med dei private skulane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 01.11.2018