Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Berekraftsmåla
FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Statsforvaltaren legg vekt på berekraftig utvikling i alt vi gjer.
FNs berekraftsmål gjeld alle land i verda, både rike og fattige. Måla påverkar norsk politikk – både i kommunar og lokalsamfunn og nasjonalt. Du kan lese meir om FNs berekraftsmål lengre ned på sida.
Kva gjer Statsforvaltaren?
Statsforvaltaren brukar kunnskapen sin om lokale og regionale forhold til å prioritere og følgje opp berekraftsmåla i tråd med politikken til regjeringa.
- Planlegging er et verktøy for å nå berekraftsmåla. Som fagmyndigheit innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik bidreg vi til at kommunal og regional planlegging sikrar ei berekraftig utvikling.
- Arbeidet med samfunnstryggleik er viktig for fleire av berekraftsmåla. Det gjeld mellom anna arbeidet med å bremse klimaendringa, bevaring av økosystemtenester, bygging av robust infrastruktur og fredelege og inkluderande samfunn.
- Fleire av berekraftsmåla handlar om klima og miljø, som er eit viktig ansvarsområde for oss.
- Statsforvaltaren skal bidra til at regjeringas oppdaterte jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernmål blir følgt opp, og leggje til rette for at reindriftsinteressene blir i varetekne i planprosessar og utbyggingssaker.
- Vi følgjer etableringa av nye verksemder som følgje av det grøne skiftet og behovet for nye energiformer som til dømes batterifabrikkar og hydrogenfabrikkar.
- Vi samarbeider med andre aktørar om strategien «Alle treng ein trygg heim». Arbeidet byggjer på berekraftsmåla og den nasjonale strategien for sosial bustadpolitikk.
Nyheter - Bærekraftsmålene
26.03.2025Populært med økologisk landbruk
Økologisk mat har fått vind i seilene.
20.03.2025
Flere bønder lar plogen stå om høsten
I 2024 var det flere bønder som lot være å pløye åkrene sine om høsten. Våre bønder er i landstoppen på å miljøtilpasse driften.
31.03.2023
Inspirasjonswebinar om likestilling
Vi arrangerer et webinar for kommuner og bydeler i regi av likestillingssentrene til inspirasjon i deres likestillingsarbeid.
03.03.2022
Vi følger opp FNs klimarapport som ble lansert mandag
Rapporten viser at klimaendringer allerede fører til ødeleggelse for mennesker og natur.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

















