Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Tilskotsordningar for 2021
Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, forureining, kulturmiljø, klima m.m.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rekkje tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse klima- og miljøutfordringane.
For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet tilskot til ulike tiltak som blir sette i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om departementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå desse.
Lenke til rundskrivet ligg i menyen til høgre.