Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Jakta på ærfugl startar 1. oktober
Her finn du kart som viser kor du har lov til å jakte i Vestfold og Telemark. Frå 2022 er det nokre endringar i reglane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Reviderte jakt- og fangsttider frå i år
Jakt- og fangsttider vart revidert 1. april 2022. Ærfugl har fått kvoteregulering. Kvar jeger kan fella inntil 5 fuglar pr døgn, og inntil 25 fuglar pr år.
For skarv er det no berre lov å jakta ungfugl av storskarv (fugl med kvit buk) i saltvasslokalitetar i regionen vår i perioden 10. sept.- 9. november. Her er jakttida flytta samanlikna med tidlegare.
Les meir om endra jakt- og fangsttider (Miljødirektoratet)
Jakt skjærgården i Vestfold
I 2012 laga Fylkesmannen i Vestfold i samarbeid med Norsk Institutt for Vannforskning, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Vestfold fylkeskommune og Statens naturoppsyn eit kart som viser kor ein kan jakte i Vestfoldskjærgården. Frå 2020 er Vestre Bramskjæra ikkje lenger med i ordninga for sjøfugljakt. Men i alle dei andre områda gjeld jakta framleis.
I lista over øyar du kan jakte, er det innhenta samtykke frå grunneigar. Dersom du ynskjer å jakta andre stader, må du sjølv hente inn grunneigars løyve.
Oppdatert kart 2021 over jakt i Vestfoldskjærgården
Jakt- og fangstrettleiar frå Miljødirektoratet
Jakt i skjærgården i Telemark
Kartet over sjøfugljakt i Telemark er laga med støtte frå viltfondet i eit samarbeidsprosjekt mellom Telemark fylkeskommune, Kragerø kommune, Bamble kommune, Porsgrunn kommune, Fylkesmannen i Telemark, Statens Naturoppsyn og Norges Jeger- og Fiskerforbund.
Kart over sjøfugljakt i Telemark (NB! Sjekk oppdaterte jakt- og fangsttider gjeldande frå 2022 - 2028)
Jakt- og fangstrettleiar frå Miljødirektoratet
Kontakt oss
Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15
E-post
[email protected]
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding