Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Gode resultat på Kommuneundersøkelsen
Vestfold og Telemark sine kommunar kjem nok ei gong godt ut på fylkesbarometeret i kommuneundersøkinga til DSB.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nok ei topplassering..
I fjor var me som fylke resultatmessig i ei særstilling, men i år må me dele den æra med naboane i aust. Sitat frå undersøkinga: "For det samlede resultatet for alle elementene som presenteres i fylkesbarometeret, er Vestfold og Telemark og Oslo og Viken i en særstilling. Resultatene i fylkene ligger et godt stykke over gjennomsnittet på alle målepunktene."
.. men dårlegare resultat enn i fjor..
Ein skal absolutt både "sole seg i glansen" og sette pris på gode resultat, så her er det bare å gratulere kommunane i fylket med den gode jobben. To år med topplassering må likevel ikkje bli ei sovepute, for det er ikkje slik at ei topplassering ikkje tyder på at det er manglar å ta tak i frametter.
For alle dei tri kriteria i fylkesbarometeret har me ein nedgang frå i fjor, og det er på heilskapeleg ROS at nedgangen er størst. Ser me nærare på tala så finn me at 7 av kommunane no har ein ROS som er for gamal.
.. tydar på manglande forankring og integrasjon
At ein ROS vert for gamal etter lovkravet (eldre enn 4 år) skal nesten ikkje gå an. Det er eit klart teikn på at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap framleis manglar integrasjon med det øvrige arbeidet i kommunen og med plan- og styringssystemet. Her har me ei klar utfordring i åra som kjem.