Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Vi ønskjer Hedda Charlotte Haugland velkomen til landbruksavdelinga
Hedda er tilsett som rådgjevar ved Landbruksavdelinga, og ho skal arbeide med spesielle miljøtiltak i landbruket, nydyrking, massehandtering og utvalde naturtypar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.08.2023
Hedda kjem frå Rena, men har tidligare budd i både Sandnes og på Klepp. Hedda er nyleg utdanna Sivilagronom med master i plantevitskap frå NMBU på Ås.
– Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet som rådgjevar hos Statsforvaltaren. Sidan eg kjem frå Innlandet er det spesielt artig å få bli kjend med eit anna type landbruk og klima som det er her i Rogaland. Eg ser fram til å ta i bruk kompetansen min, og bidra med mitt for eit berekraftig landbruk her i Rogaland.