Dersom du skal klage til Statsforvaltaren, vil vi gjerne at du nyttar dette skjemaet i staden for løysinga «Send sikker melding».
Lenkje til skjemaet finn du her: Klage på helsehjelp
Når du nyttar dette skjemaet, vil vi få dei opplysningane vi treng frå deg for å kunne vurdere klaga di. Vi kan også avtale ein annan framgangsmåte for å ta i mot klaga. Ta kontakt med ein av oss i helse- og omsorgsavdelinga, sentralbord 33 37 10 00.
Dersom klaga gjeld ei alvorleg hending i helsetenesta, kan du melde dette direkte til Statens helsetilsyn.
Treng du hjelp til å klage eller til å vurdere om du vil klage, kan du søkje råd og rettleiing hos Pasient- og brukerombudet. Dei veit kva du har krav på og korleis du går fram for å klage, sjå nettstaden deira Pasient- og brukerombudet (pasientogbrukerombudet.no)