Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta
Studiet er eit samlingsbasert masterprogram som gir 30 studiepoeng. Den rettar seg primært til leiarar i helse- og omsorgstenesta i kommunar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Søknadsfrist er 15. april 2020.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Styrka leiarskap i kommunale helse- og omsorgstenester er eit prioritert område for regjeringa. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er eit sentralt verkemiddel for å nå måla i arbeidet med utfordringane i tenestene. Utdanninga som BI tilbyr, er resultat av eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet.
I tillegg vil det som tidlegare vere høve til å søkje til ein av dei tre nye klassane som startar hausten 2020 ved BI i Oslo.
Utdanninga rettar seg primært til leiarar i helse- og omsorgstenesta kommunar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar t.d. leiarar i psykisk helsearbeid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, habiliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg tannhelseteneste, m.a. overtannlegar og klinikkleiarar.
Studiet er eit samlingsbasert masterprogram som gir 30 studiepoeng. Det er sett saman av 6 samlingar på 3-4 dagar i løpet av eit studieåret (haust/vår), inkludert ein utanlandsmodul. Studiet omfattar bl.a. ei praksisorientert prosjektoppgåve om innovasjon og endring i eiga verksemd.
Tema på samlingane er:
- Samling 1: Leiarskap og samhandling i kunnskapsorganisasjonar
- Samling 2: Strategisk forvalting og utvikling av kompetanse
- Samling 3: Organisasjonskultur og gruppedynamikk i helse- og omsorgstenestene
- Samling 4: Leiarskap i innovasjon og endring
- Samling 5: Leiarskap og økonomi: styring i offentleg forvalting
- Samling 6: Jus, internkontroll og etikk
Studieavgifta er dekt av Helsedirektoratet gjennom oppdraget til BI om å tilby utdanninga. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Det er mogeleg å søkje om tilskot frå KS til gjennomføring av studiet.
Søknadsfrist 15. april 2020 til: https://www.bi.no/studier-og-kurs/kurs/masterprogram/helseledelse/
Rambøll har på oppdrag frå Helsedirektoratet ansvar for å evaluere leiarutdanninga. De kan lese meir om dei gode evalueringsfunna på Helsedirektoratet si heimeside for Kompetanseløft 2020: https://www.helsedirektoratet.no/om-oss/forsoksordninger-og-prosjekter/kompetanseloft-2020 .
Helsedirektoratet opplyser at det frå hausten 2020 troleg også vil kome eit tilbod om tilsvarande leiarutdanning for toppleiarar i helseføretaka og kommunane som rettar seg mot strategisk overordna leiing av helse- og omsorgstenesta samla. Dette er eit nytt tilbod som er utvikla av KS og RHFa i fellesskap etter oppdrag frå HOD.
Kontaktpersoner
-
Randi Askjer
Tlf: 33 37 11 51