Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Informasjonsfase og innleiande møte for Sognefjorden som marint verneområde
Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i verneplanarbeidet for Sognefjorden. Sida vil bli oppdatert når det kjem nye referat.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I startfasen
Fordi vi no er heilt i startfasen av oppdraget, føreligg det førebels ikkje så mykje informasjon å dele. Vi prioriterer å ha dialog med kommunane og i fylkeskommunen, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar etterkvart. Vi vil nytte heimesidene våre for å spreie informasjon.
Informasjon
Så snart vi fekk oppdraget hadde vi møte den 4. februar med politisk og administrativ leiing i Vestland fylkeskommune. Vi inviterte deretter alle kommunane, verdsarvparken og verneområdestyra for Nærøyfjorden og Stølsheimen til eit innleiande møte i Kaupanger den 30. mars. Vi vart også invitert til årsmøtet for Sognefjorden Vel for å fortelje om marint vern den 31. mars.
Vi stiller oss til disposisjon for å orientere om vernearbeidet i kommunane, og Sogndal kommune inviterte oss til sitt kommunestyremøte den 25. mai.
Det er nytting for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.
Referat og presentasjonar ligg til høgre. Føl lenkja i høgrefana for å få meir informasjon om marint vern og for å få oversikt over prosessen for Sognefjorden framover.
Kontaktpersonar
-
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 -
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37
Dokument
- Referat frå dialogmøte med fylkeskommunen 4. februar
- Invitasjon til informasjonsmøte om verneplanprosessen for Sognefjorden
- Referat etter informasjonsmøte om verneplanprosessen for Sognefjorden 30. mars
- Presentasjon om marint vern Sognefjorden til informasjonsmøte på Kaupanger 30. mars
- Marint vern Sognefjorden - møte i Sogn regionråd 09.12.2022