Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Statsforvaltaren i Vestland har i samarbeid med ei av dei faste verjene våre utarbeidda eit informasjonsskriv med informasjon om ting det er viktig å hugse på ved oppstarten av eit verjeoppdrag.
05.03.2025
Vi har fått tilbakemelding på at verjer som nyttar E-boks som digital postkasse, får "blanke" forsendingar frå oss med temaet "Innsending av verjerapport". Forsendinga som har feila er det årlege brevet med informasjon om verjerapporten (tidl. verjerekneskap) for 2024.
12.02.2025
Alle verjer med rapporteringsplikt (tidlegare rekneskapsplikt) skal levere verjerapport for 2024. Dokumenta i rapporten skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2025.
03.02.2025
Frå 1. januar 2025 er det gjort endringar i reglane for godtgjering til verjer.
17.01.2025
Ved innlevering av den årlege verjerekneskapen, minner vi om at verja skal sende oss kontoutskrifter og ikkje transaksjonsutskrifter.
På grunn av jul, er telefonnummeret til verjemålsseksjonen (55572300) stengt frå måndag 23. desember 2024 til fredag 3. januar 2025. Telefonen blir betent som normalt igjen frå måndag 6. januar 2025 med telefontid måndag til onsdag frå klokka 12:00 til 14:00.
17.12.2024
Oppnemnde verjer skal kvart år levere verjerekneskap til Statsforvaltaren. Årleg kontroll av verjerekneskap er ein sentral del av Statsforvaltaren sitt tilsyn med oppnemnde verjer, for å sikre at verjehavar sine interesser vert ivaretekne av verja på ein god og forsvarleg måte.
11.12.2024
Her kan du lese meir om forventa saksbehandlingstid per oktober 2024 på utvalde saksområde på verjemålsfeltet. Vi gjer merksame på at saksbehandlingstida som er oppgitt under er rettleiiande, og at einskilde saker både kan ta lengre og kortare tid enn det som er forventa.
16.10.2024
På grunn av ferieavvikling er telefonnummeret til verjemålsseksjonen (55572300) stengt i veke 30 og 31. Telefonen vil bli betent som normalt igjen frå måndag 05.08.2024.
18.07.2024
Statsforvaltaren i Vestland legg om praksis knytt til oppfølgning og kontroll av dødsbuskifter med vaksne personar som har verje: Dersom arvingen med verje er vaksen og ikkje fråteken den rettslege handleevna, treng vi ikkje lenger å få tilsendt ei oppstilling over buet med forslag til fordeling av arven for kontroll.
06.06.2024