Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Med overskrifta Trebaserte næringar; kva moglegheiter gir det grøne skiftet - inviterte Tredrivaren eit knippe bedrifter frå verdikjeda til tømmer til ein innovasjonsverkstad saman med ProtoMore. Saman såg deltakarane framover og drøfta kva det grøne skiftet betyr for etterspørselen etter trebaserte produkt.
01.07.2020
Todalsøran i Surnadal vart verna i 2002 for å ta vare på eit viktig elveoslandskap. Miljødirektoratet har endra verneforskrifta med heimel i naturmangfaldlova § 77. Endringane gjeld eigedomsoversikta i forskrifta og grensene for reservatet.
Kultiveringsplan for vassdrag i Møre og Romsdal er ferdigstilt etter høyringsrunden. Planen omhandlar utsettingar av anadrom laksefisk og innlandsfisk i regulerte vassdrag.
30.06.2020
I Surnadal ligg fleire spennande trebaserte bedrifter. Fleire av desse har vore i forkant med omsyn til trebasert produktutvikling i mange år, det gjeld mellom anna Bøfjorden sag og Solem sag.
29.06.2020
Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for juni.
24.06.2020
På grunn av koronasituasjonen vart det bestemt i årets jordbruksavtale at ikkje berre klimabetinga avlingssvikt, men også produksjonssvikt på grunn av manglande arbeidskraft kunne dekkast over erstatningsordninga.
22.06.2020
For andre året på rad når Møre og Romsdal det regionale jordvernmålet om omdisponering av mindre enn 200 daa dyrka jord. I 2019 vart det vedteke nedbygging av i alt 167 daa dyrka jord til anna formål enn landbruk i Møre og Romsdal.
19.06.2020
LMD fastsette tysdag 09.06.20 ny førebels forskrift for å oppretthalde hogstaktiviteten i skogbruket i 2020. Ordninga skal vere ei hjelp mot dei negative konsekvensane som følgje av utbrotet av Covid-19, ved å bidra til at skogeigarar i auka grad nyttar heilmekaniserte entreprenørar og taubanelag til hogst gjennom sommaren.
10.06.2020
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har 10. juni 2020 vedtatt at Miljøservice Eide AS i Hustadvika kommune ikkje kan ta imot avfall i sitt anlegg med adresse Torvvegen 34, 6490 Eide.
Det er viktig med stillingstitler i offentlig sektor som markerer at stillingene er åpne både for kvinner og menn. Regjeringen har derfor bestemt å endre de kjønnsspesifikke stillingstitlene til å bli kjønnsnøytrale i alle statens virksomheter.
08.06.2020