Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
SAR AS avd. Tananger er gitt løyve etter forureiningslova til lagring av farleg avfall i hall på Soltin AS sitt anlegg eigedomen 140/35 Storøy i Karmøy kommune.
12.07.2019
Stavanger kommune er på visse vilkår, gitt mellombels løyve til utfylling i sjø ved Hillevågvatnet.
08.07.2019
Fylkesmannen har gitt Svaaheia Avfall AS løyve til mottak av 350m3 massar farleg avfall på tiltaksområde Jøssingfjord i Sokndal kommune.
05.07.2019
Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for ein utviding av Hesten naturreservat i kommunane Forsand og Strand.
02.07.2019
Takka vere mange av dykk gode hjelparar, fekk vi i fjor mange observasjonar av stillehavsøsters frå Tysvær i nord til Eigersund i sør. Også i år kan du vere med i konkurransen og sende oss foto av dine observasjonar av denne framande arten.
26.06.2019
Fylkesmannen opnar for utvida jakt på grågås i Finnøy, Kvitsøy, og Rennesøy kommunar. I desse kommunane kan jakt på grågås starta 26. juli, 15 dagar før ordinær jakttid.
25.06.2019
Vedvika naturreservat er siste tilskot på lista over naturreservat i Rogaland. Verneområdet har eit særeige miljøhøve som gir grobotn for fleire svært sjeldne artar.
24.06.2019
Fylkesmannen har endra løyve 06.04.2017 til Karmøy kommune til graving/mudring i sjø for ny avløpsleidning Bøvågen til Salhus i Karmøy kommune
21.06.2019
Årets beitesesong er straks i gang. Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med namn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.
18.06.2019
Stangeland Gruppen AS søkjer om løyve etter forureiningslova §11, jf. §16 til å etablere eit avfallssorteringsanlegg på gnr/bnr 65/114 på Soma i Sandnes kommune.
06.06.2019
Magne Andreas Vik har søkt om løyve til mudring og midlertidig utfylling i sjø ved eigedomane 331/1, 96, 97 og 98 i Vindafjord kommune.
29.05.2019
Fylkesmannen i Rogaland har i samarbeid med Rogaland fylkeskommune arrangert konferansen Stein og Sånn for mineralnæringa som del av arbeidet mot meir samordna, berekraftig og langsiktig forvalting av mineralråstoff i Rogaland. Sentrale tema for konferansen var nasjonal politikk, lover, forskrifter og rettleiing i massehandtering og sirkulærøkonomi.
27.05.2019