Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Jodtablettar kan gi vern mot kreftsjukdom etter radioaktiv ureining ved ei atomulykke. Dette gjeld særskild for gravide, ammande, barn og unge. Direktorat for strålevern atomtryggleik (DSA) og Helsedirektoratet rår disse gruppene til å ha jodtablettar i heimen. I spesielle tilfelle kan også alle under 40 år bli tilrådde å ta jodtablettar. Du kan kjøpe tablettane reseptfritt på apoteket.
30.10.2018
Nordmenn er ikkje førebudde på ei krise der forsyninga av straum, vatn og matvarer blir hindra. Derfor lanserer Direktoratet for samfunnstrygghet og beredskap ein informasjonskampanje om eigenberedskap 19. oktober.
19.10.2018
Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 8. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 3,0 %, mot 2,9 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2018.
08.10.2018
PRESSEINFO: Kronprinsen har invitert unge leiarar og talent til Universitetet i Stavanger 22. og 23. oktober og SIKT-konferansen 2018. Temaet i år er endring.
05.10.2018
Landbruks- og matministeren sende den 1. oktober ut eit brev til alle Fylkesmenn om at jordvern er ei viktig nasjonal og regional interesse i planlegginga i kommunane. Det blir også annonsert ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet.
03.10.2018
Regjeringa har vedtatt nye statlege planretningslinjer for klima og energiplanlegging og klimatilpassing. Dette er ei utviding av eksisterande planretningslinjer for klima og energi, til også å gjelde klimatilpasning. Føremålet med revideringa av retningslinjene er at kommunane, fylkeskommune og stat gjennom eiga planlegging skal bidra til å avgrense eller unngå ulemper og skadar grunna klimaendringar, og dra nytte av eventuelle fordelar.
Magnhild Meltveit Kleppa skulle etter planen ha siste arbeidsdagen sin i slutten av november. Slik blir det ikkje.
01.10.2018
Miljødirektoratet arrangerer klimasamling i Haugesund 5. og 6. desember 2018. Føremålet er å hjelpe kommunane i arbeidet med å redusere klimagassutslepp. Påmeldingsfristen er 10. oktober.
Gjesdal har lagt ut ein avgrensa revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel til høyring. Forslaget er totalt sett eit planfagleg solid dokument, men nokre føresegner er i konflikt med nasjonale og regionale omsyn.
28.09.2018