Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
OPPDATERT 5.12.2017: Det er venta lokalt svært mykje nedbør i indre og midtre strok av Rogaland (og Hordaland) dei neste dagane.
04.12.2017
Olje- og energidepartementet har vedtatt at det ikkje blir gitt løyve til bygging av Songesand kraftverk i Skurvedalen i Forsand kommune. Samstundes har Noregs vassdrags- og energidirektorat avslått søknadane om utbygging av Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna kraftverk i Hjelmeland kommune.
30.11.2017
Miljødirektoratet endrar Fylkesmannen sitt vedtak av 03.04.2017 om løyve etter forureiningslova til Nergård Karmøy AS for produksjon av fiskemjøl og fiskeolje på industriområdet Husøy. Verksemda er gitt medhald i klagen på fastsett grense for luktutslepp, men får ikkje medhald i klagen på fastsette grenser for utslepp av prosessvatn til sjøen.
29.11.2017
Friviljuge lyngbrennarar dannar eit brennelag som tek i bruk moderne verkemiddel for å styrka skjøtselen av kulturlandskapet og gjera den tradisjonelle lyngheibrenninga tryggare og meir effektiv. Då trengst eit nært samarbeid med brannvesen og politi i distrikta. Eldsjelene inviterer til ein møteserie i/på Strand, Vikeså, Helleland og Gjesdal, 27-29 november.
23.11.2017
Meteorologisk institutt har nedslalert varselet sitt frå auka overvaking til OBS-varsel etter mykje regn sida i går. Men i Eigersund er kriseleiinga kalla inn på grunn av høg vassføring i Hellelandsvassdraget gjennom Gyadalen.
Ressursgruppa for jordvernstrategien har hatt to møte denne hausten, 20. desember er datoen for neste møte. Då skal første utkast til strategidokument diskuterast. Det er særleg mål og tiltaksdel som er viktig, og som også er krevjande å konkretisere.
OPPDATERT 22.11.2017 kl. 13.30: Det er meldt mykje nedbør i Rogaland frå onsdag kveld til torsdag ettermiddag i midre og indre stroka av fylket. Meteorologisk institutt har sendt ut eit varsel om auka overvaking av situasjonen, eit såkalla Fase A-varsel.
22.11.2017
Kapasiteten er ikkje utnytta godt nok i dette store utbyggingsområdet. Det er større potensiale til å balansere variasjonen i bustader og felles løysingar, som grøntområde og parkering. Høg utnytting er ein viktig føresetnad for eit betre jordvern og redusert transport. Dei nasjonale måla om innskjerping av nedbygginga av jordbruksareal tilseier høgare utnytting i framtidige planar. Forslaget sikrar heller ikkje tilstrekkeleg ute- og leikeareal med god kvalitet.
Bo Jensen er ein dedikert og fullkomen ystar, og det beviste han til det fulle ved at osten "Lille Aske" fekk tildelt utmerkinga Super gull under oste-VM i London i helga.
20.11.2017