Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapsvurdering av økonomien i kommunen når vi fordeler den tildelte ramma til kommunane.
07.10.2024
Vil du vere med og sikre god miljøforvaltning for innbyggjarane i Vestland? Vi har ledig stilling som miljødirektør. Søknadsfristen er 27. oktober.
Vi vil i løpet av hausten 2024 legge ut fleire rettleiingsvideoar om regelverket knytt til eit trygt og godt skulemiljø i ny opplæringslov. I rettleiingsvideoane vil vi gå gjennom kva som er nytt, og kva som er vidareført.
03.10.2024
Hildalsvatnet i Ullensvang kommune skal behandlast for å utrydde ørekyte i oktober 2024.
01.10.2024
Tretten aktørar i Vestland har signert Fritidserklæringa Vestland. Og med det er Vestland første fylket i landet med ei slik erklæring.
30.09.2024
Dei fleste skular og kommunar er godt i gong med fagfornyinga og innføring av LK20. For å støtte opp under denne prosessen har vi i samarbeid med dei lokale UH-institusjonane utarbeidd tilbod om fagleg støtte.
26.09.2024
I 2024 har Statsforvaltaren tildelt nær 4,5 millionar kroner i stimuleringsmidlar til ni utviklingsprosjekt. Fleire av prosjekta vart løfta fram på barneverns- og læringsnettverkskonferansen i Bergen i september.
25.09.2024, Endret 25.09.2024
Etter at almesjuka vart oppdaga på eit tre i Sogn i fjor har sjukdomen spreidd seg. Vi inviterer til eit digitalt informasjonsmøte om almesjuka, der Isabella Børja frå NIBIO orienterer og svarar på spørsmål.
18.09.2024
Skog som har ein vernefunksjon for annan skog, produksjonsareal, infrastruktur, hus og folk er eit eige kapittel i Skogbrukslova. I Vestland fylke har dette vore lite i bruk, men med forventa klimaendringar aukar trongen.
09.09.2024
Det har gått 30 år sidan HVPU-reforma. Statsforvaltaren i Vestland etterlyser meir valfridom for bebuarane, og oppmodar til ny offentleg debatt om det statlege regelverket, kommunal praksis, og kva personar med utviklingshemming sjølv meiner er gode bustadløysingar.