Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Øyeblikksundersøkingane (prevalensundersøkingane) skal gjennomførast ein dag i veke 21, 20. – 24. mai, når sjukeheimslegen er til stades. Innleveringsfrist er 19. juni og dataverktøyet PIAHnett skal nyttast.
08.05.2019
Fylkesmannen i Vestland har gjort vedtak om at Cultiva barnehage AS må betale tilbake kr. 1 800 000 til Bergen kommune.
07.05.2019
Forskningsrådet har oppnemnt nye porteføljestyre. Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid er nemnd opp til ein plass i porteføljestyret for demokrati, styring og fornyelse.
Har du framleis ikkje levert inn verjerekneskap?
29.04.2019
Bremanger kommunestyre sitt vedtak om budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022 er ikkje godkjent som følgje av manglande inndekning av akkumulert underskot og ufullstendig finansiering av investeringsbudsjettet.
Fylkesmann Lars Sponheim opna den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal, der deltakarar frå offentlege og private verksemder er samla for å diskutere klimaomstillingsval.
24.04.2019
Fristen for å sende inn verjerekneskap for 2018 er 30. april 2019.
23.04.2019
Ein pasient fekk ved ein feil operert ut tjukktarmen ved Haukeland universitetssjukehus. Årsakene til hendinga var samansette. Rutinane som skal sikre at rett pasient får rett inngrep, svikta på fleire område. Klinikkleiinga må ta ansvaret saman med dei som opererte. Sjukehuset har sett i verk fleire tiltak som følgje av hendinga.
11.04.2019
Det nye fylkesberedskapsrådet for Vestland blir samla til sitt årlege møte i neste veke.
04.04.2019
I fjor haust publiserte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ein analyse av uønskte hendingar som kan inntreffe på cruiseskip. I kjølvatnet av hendinga med cruiseskipet Viking Sky er analysen meir aktuell enn nokon gong.
29.03.2019