Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Juni utgåva av " Nytt frå Fylkesmannen- Helse, sosial og barnevern. Tilsynserfaringar"omhandlatr mellom anna årets Omsorgskonferanse " Kvalitetsforbetring; ein " happening" eller ein kvardagsaktivitet", omsorgsprisen, tilskot til rekruttering av legar, Stimuleringstilskot til vidareutdanning i psyksik helsearbeid/psykososialt arbeid med barn og unge 2013, og St. meld nr. 29 " Morgendagens omsorg".
01.07.2013
- Eg kjenner meg trygg på at denne reforma vil komme dei svakaste i samfunnet til gode, seier fylkesmann Lodve Solholm, som er klar til å ta på seg den nye oppgåva frå første juli.
28.06.2013
Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskott til drenering av jordbruksjord. Det er i jordbruksavtalen sett av 100 millionar kroner for 2013 og 100 millionar kroner for 2014 til drenering. Både eigar av jordbruksjord og leigar av jordbruksjord kan søke kommunen om tilskott.
27.06.2013
Stortinget har ferdigbehandla to lovforslag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD). Det eine gjeld endringar i delingsbestemmelsen i jordlova § 12. Det andre gjeld endringar i odelslova, nærare bestemt innskrenkingar i odelskretsen og oppheving av bestemmelsen om odelsfrigjering av tilleggsjord.
20.06.2013
Fiskedøden i Farstadelva tidlegare i vår var omfattande. Gransking i ettertid syner svært låge mengder ungfisk. Direktoratet for naturforvaltning (DN) sett no i verk strakstiltak ved ikkje å opne for fiske.
18.06.2013
I fredingstida for det enkelte vassdraget er det forbode å fiske nærare utløpsosen enn 100 m. I fisketida (som gjeld for fiske etter sjøaure) er det berre tillate å fiske med stong eller handsnøre frå land eller båt. Fiske med fastståande reiskap er ulovleg.
06.06.2013
Landbruket i Tingvoll bidrar med gode og robuste arbeidsplassar, levande lokalsamfunn og rikt kulturlandskap. I tillegg forvaltar næringa naturressursane på ein berekraftig måte. Tingvoll kommune og Landbruksrådet i Tingvoll ønskjer gjennom ei nylaga brosjyre å vise kva landbruket betyr for kommunen.
03.06.2013
I eit brev til alle kommunar i fylket minner Fylkesmannen i Møre og Romsdal om saksbehandlingsreglane som gjelder når kommunar gjør sjukeheim om til omsorgsbustad.
30.05.2013
Fylkesmannen ber kommunane i Møre og Romsdal søke tilskot for å auke andelen fastlegar i fylket.
27.05.2013
Mange bønder har fått vinterskade på enga etter den harde vinteren, særleg i indre og høgare strok i fylket. For å få tilskott til utbetring etter vinterskade, er det viktig å gje melding til kommunen i god tid før utbetringa startar, slik at vinterskadane kan kontrollerast.
21.05.2013