Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Etter at meklinga om delområde B7 og GF3 i arealdelen til tidlegare Skodje kommune ikkje førte fram, vert saka i 2019 sendt til KMD for endeleg avgjerd. Områda omfattar 38 daa dyrka mark, og departementet meiner at fordelane med sentrumsutvikling og ei utbygging her er større enn ulempa ved å bygge ned matjorda. Departementet godkjente kommunen sine planar 8. mai 2020.
14.05.2020
Det kom inn 13 høyringsinnspel på oppstartsmeldinga. Innspela kan lastast ned og lesast frå denne sida.
13.05.2020
Resultata frå jordsmonnkartlegginga i Surnadal i 2019 er no publisert på Kilden. Kartlegginga av fulldyrka og overflatedyrka areal i Surnadal er gjort i 2018 og 2019, saman med Sunndal som vart kartlagt i 2017 er dette dei kommunane i Møre og Romsdal som har nærmast heile sitt dyrka areal kartlagt.
07.05.2020
Skogeigar si plikt til å fornye skogen etter hogst er ein naudsynt del av eit langsiktig og berekraftig skogbruk. Skog er ein fornybar ressurs, men det krev normalt oppfølgjande tiltak. Kommunane som skogbruksmynde har ansvar for å følgje opp foryngingsplikta ved foryngingskontroll.
06.05.2020
Fylkesmannen i Møre og Romsdal stadfester Rauma kommune sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljregulering for gondolbane på Åndalsnes med tilhøyrande reguleringsføresegner.
30.04.2020
Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for april.
07.04.2020
Fiske med stang og handsnøre etter laks og sjøaure i sjøen er tillatt heile året i Møre og Romsdal, med unntak av mars og april. Det er strengare reglar for fredingssoner utanfor elveutløp, sjå nedanfor.
I fjordområdet Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden ut til E39 er alt fiske etter sjøaure freda forbode heile året.
31.03.2020, Endra 03.09.2024
Mange barn har spørsmål om korona-viruset. Derfor arrangerte regjeringa, i samarbeid med NRK Supernytt og Aftenposten Jr, ein eigen pressekonferanse for barn i dag 16. mars.
16.03.2020
Fylkesmannen og fylkeskommunen har invitert til møte med folkevalde og administrativ leiing i kommunane i Møre og Romsdal. Først ute var Aukra, Vestnes og Rauma som i dag var samla på Alexandra hotell i Molde.
13.02.2020
Fylkesmannen sendte i dag ut forventningsbrev til kommunane i Møre og Romsdal.
10.02.2020