Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det har vore stort oppmøte på informasjonsmøta om skogbrukplanlegging i fellesprosjektet for Averøy, Eide, Gjemnes og Kristiansund kommunar.
08.11.2019
Under World Cheese Awards 2019 vart det igjen prisar til ostar frå vårt fylke. Mange ostar frå heile Norge fekk premiar, og tre av dei gjekk til Tingvoll.
22.10.2019
Skogen og skogbruket i fylket har ei sentral rolle i klimasamanheng. Skogen i Møre og Romsdal bind åleine nesten halvparten av alle utslepp frå alle sektorar i fylket. Auke i skogproduksjonen kan auke karbonbindinga.
11.10.2019
Tidleg sanking kan redusere tap på beite på grunn av jerv, 20 føretak frå Fjord-Norge-regionen førebur seg til å representere Noreg under Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020. Desse sakene og fleire andre interessante saker kan du lese om i vårt ferskaste nyhendebrev på Regjeringen.no.
10.10.2019
For å unngå liding og tap av lam til jerven har sauehaldarane i Møre og Romsdal henta heim sauer og lam ekstra tidleg frå høgfjellsbeite i år. I det første beiteområdet starta dei sanking allereie 6. august. Det er av dei tidlegaste datoar for berging av sauen frå jerven i fjellet og skogen. Vanlegvis sankar ein sau her først i starten av september.
Organiske materialar blir omdanna, og avgir gass i prosessen. I biogassanlegg kan gassen bli til ein ressurs. Landbruksdirektoratet gjev tilskot til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.
27.09.2019
Oddmund Ansok fikk tysdag 3. september utdelt Kulturlandskapsprisen for 2019 heime på garden sin på Ansok i Liabygda. Han var beæra over prisen og brukte sin tale blant anna til å takke gode vener og naboer for hjelp med drift av garden.
17.09.2019
Kan ein byggje ein klimavennleg skule i tre der ein veit det er utfordringar kring skred? Eller må ein byggje eit «fort» i betong?
27.06.2019
Tilstanden på jordbruksareal er viktig for fleire brukargrupper, og kommunen har ansvaret for å holde kartet ved like. Engasjerte og kunnskapshungrige saksbehandlarar frå 13 kommunar deltok på feltkurs om klassifisering av arealtilstand i Vestnes 13. juni.
14.06.2019
Straks startar slåtten, og kanskje har du trua fugleartar hekkande i enga. Sjå etter fuglar som hekkar i jordbrukslandskapet, i enga. Fleire av desse fugleartane er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe - du kan bidra til å redde dei.
07.06.2019