Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Ulike forureiningar i utandørs luft kan føre til helseskadar. I nyheitene får vi av og til vite korleis det er i område av verda med svært høg luftforureining. Men også i Norge er luftkvaliteten dårleg i mange område. Særleg i periodar med kulde og tørt vêr hopar forureiningane seg opp.
28.06.2021
Brukt betong (returbetong) er avfall som kan leverast til mottak med løyve frå statsforvaltaren. Slike mottak kan vere anlegg som tek imot mange typar avfall eller mottak som berre tek imot returbetong og returasfalt. Noko av avfallet kan brukast på nytt. Vi vil her informere om kva ein må ta omsyn til før betong kan brukast om igjen.
Fredag 4. juni hadde Statsforvaltaren webinar (Teams) med kommunane i Møre og Romsdal om frivilleg skogvern. Presentasjonane frå webinaret er tilgjengelege i denne artikkelen.
07.06.2021
Rådyrkje er svært utsett ved slått av eng. I denne artikkelen har vi samla ein del tips til korleis ein kan redusere problemet.
03.06.2021
1. juni opnar lakse- og sjøaurefisket i dei første elvane i Møre og Romsdal.
31.05.2021
Fleire fugleartar som hekkar i jordbrukslandskapet er i tilbakegang. Dette gjeld mellom anna åkerrikse, storspove og vipe. Ved å utsette slåtten der fuglane hekkar, bidreg ein til å ta vare på desse artane.
31.05.2021, Endra 31.05.2021
Miljødirektoratet har avgjort klagene på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine vedtak om tiltaksplan for forureina sjøbotn. Miljødirektoratet opprettheld 12 av dei 13 vedtaka.
10.05.2021
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Veidekke sitt asfaltverk på Husøya i Kristiansund ein frist for å stoppe utsleppet av asfaltlukt til luft.
03.05.2021
Fleire skogeigarar i fylket vel å verne skogen sin. Slik bidreg dei til å ta vare på skogen sitt store og verdfulle naturmangfald.
06.04.2021
Fiske etter laks og sjøaure i sjø og elv vert stramma inn. Samtidig vert elvene Rauma, Måna og Isa/Glutra opna for ordinært fiske igjen etter friskmelding frå parasitten Gyrodactylus salaris.
22.03.2021