Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har mange motsegner – men gir også skryt til Herøy kommune for at kommunen har tatt på alvor mange viktige sentrale føringar i sitt forslag til ny kommuneplan. -Eg vil særleg framheve risiko- og sårbarheitsanalysen som er utarbeidd. Denne gir eit godt grunnlag for ein trygg arealbruk i Herøy, seier fylkesmann Lodve Solholm.
27.01.2014
Fylkesmannen har over lengre tid fått inn meldingar om ulovleg handtering av avfallsmassar. Det kan sjå ut til at problemet gjeld for heile fylket.
17.01.2014
Umoe Sterkoder AS i Kristiansund er den fyrste skipsverftslokaliteten i Møre og Romsdal som har rydda opp i forureiningar på land. Etter ei nasjonal kartlegging av forureining av sjøbotn utanfor aktive og nedlagte skipsverft, fikk 17 eigedommar pålegg frå Fylkesmannen om å gjere nærare gransking av forureininga på land og i sjø.
14.11.2013
Med nettstaden Miljøkommune.no ønskjer miljøstyresmaktene å gi kommunane oppskrifter og råd om korleis dei bør handtera plan og miljøvernsaker.
03.07.2013
Fiskedøden i Farstadelva tidlegare i vår var omfattande. Gransking i ettertid syner svært låge mengder ungfisk. Direktoratet for naturforvaltning (DN) sett no i verk strakstiltak ved ikkje å opne for fiske.
18.06.2013
I fredingstida for det enkelte vassdraget er det forbode å fiske nærare utløpsosen enn 100 m. I fisketida (som gjeld for fiske etter sjøaure) er det berre tillate å fiske med stong eller handsnøre frå land eller båt. Fiske med fastståande reiskap er ulovleg.
06.06.2013
I fleire år har det gått sau på vinterbeite i Veøy landskapsvernområde. Saman med slått på innmarka har beitet vore med å opne opp landskapet på øya. For første gong skal sauene no i år fortsette innsatsen også om sommaren.
16.05.2013
Fylkesmannen har utarbeidd framlegg til forvaltingsplan for Runde og Grasøyane fuglefredingsområde og Goksøyrmyrane naturreservat.
15.05.2013
Miljøverndepartementet har den 10.05.2013 gjeve løyve til kjemisk behandling av vassdraga i Raumaregionen.
13.05.2013
Direktoratet for naturforvaltning har ved forskrift av 12.04.2013 endra grensene for Myklebustvatnet naturreservat, Herøy kommune.
03.05.2013