Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I august 2021 fekk ein i gjennomsnitt 430 kroner pr. kubikk levert gran. For mai-juni i år er tilsvarande pris kring 650 kroner. Det inneber ei auke på 220 kroner pr. kubikk, noko som tilsvarar 51 prosent.
11.07.2024
Framande artar har stor evne til å spreie seg, og utkonkurrere stadeigne artar. Det å få kontroll på spreiinga og nedkjempe artane der det er mogleg er derfor viktig. Og du kan hjelpe til!
09.07.2024
Sula kommune har 5. juli 2024 fått utsleppsløyve frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for sitt avløpsanlegg, Kongshaugen reinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune.
05.07.2024, Endra 09.07.2024
Rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien 2023 viser hovudtrekka i kommuneøkonomien i fylket. Den beskriv nokon av utfordringane som kommunane står i, orienterer om sentrale reglar, minner om viktige oppgåver og viser sentrale økonomiske tal i utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra.
05.07.2024
Arbeidet med å bygge opp igjen fiskebestandane i Raumaregionen etter kjemisk bekjemping av Gyrodactylus salaris er skildra i ein ny rapport. Innsamla materiale av laks og sjøaure til genbank er tilbakeført til elvene Rauma med Istra, Isa/Glutra, Måna og Innfjordelva i perioden 2015-2023. Undersøkingane viser at det er mogleg å bygge opp igjen levedyktige bestandar av laks og sjøaure etter kjemisk bekjemping.
I forbindelse med en større omorganisering hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal har stillingen som fylkesberedskapssjef blitt tillagt ytterlige ansvar og lyst ut som underdirektør/fylkesberedskapssjef.
02.07.2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Hareid kommune i ROBEK. Hareid blir meldt inn på bakgrunn av meirforbruk i rekneskapen for 2023.
28.06.2024
Etter bekjempinga av Gyrodactylus salaris i Driva i 2023, er ikkje parasitten påvist. Likevel vil det i 2024 bli gjennomført supplerande behandling med klor for å sikre at parasitten er utrydda, spesielt i områda ovanfor fiskesperra. Dette skuldast usikkerheit om parasitten framleis er til stades der.
26.06.2024
Vi ser at barn og unge si stemme ikkje blir tydeleg nok når vaksne diskuterer og bestemmer i viktige saker som handlar om barn. Høyr podkast om "Barnets beste!"
25.06.2024
Skog i våtmark og andre fuktige område er blant dei mest truga skogtypane i Noreg, og det er viktig å få kartlagt dei restane som finst igjen. To område vil bli undersøkte i Møre og Romsdal fylke i sommar.
24.06.2024