Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Visste du at det går an å gi øydelagte våtområde livet igjen? FN og Miljødirektoratet ber oss om å restaurere våtmark - for vår eigen, naturen og klimaet sin skuld.
22.06.2023
Regjeringa har lagt fram nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Forventningane gjeld for perioden 2023-2027, og skal gi kommunane og fylkeskommunane ei oversikt over dei viktigaste føringane frå staten.
21.06.2023
Tre område i Møre og Romsdal vert naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i mellom anna rike og gamle edellauvskogar og gammal boreal lauvskog med urskogspreg blir tatt vare på for kommande generasjonar.
20.06.2023
I årets jordbruksforhandlingar blei partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1. juli 2023. Nye satsar gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli.
19.06.2023
I Fylkesstrategi landbruk for Møre og Romsdal 2023 – 2026 er eit av resultatmåla å få fram fleire og betre forretningsidéar, med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknadar som mål. Her er gründerhjelpa Hoppid.no sentrale aktørar.
Nyleg heldt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit miniseminar om landbruksbasert biogass for kommunane, med fokus på teknisk vurdering av søknad, og høyring på utsleppsløyve.
16.06.2023
I feiringa av sankthansaften er det mange som ønskjer å brenne bål. Nokre vel å sette fyr på avfallet sitt, men å brenne avfall er både skadeleg og ulovleg.
15.06.2023
Vestnes kommune er meldt ut frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2022 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.
14.06.2023
Tilskotet skal stimulere kommunane til å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer i barnehagar og skoler. Målet er at dei tilsette kan nytte sin kompetanse betre gjennom meir fagleg fridom og meir tid til barna og elevane.
Alle barn og unge har rett til å bli beskytta mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Offentlege tenester og skoler har ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet. Dei plikter å hjelpe barn og unge som er utsett.
13.06.2023