Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette tirsdag 19. desember forskrift om samanslåing for kvar av dei 4 kommunesamanslåingane i Møre og Romsdal.
20.12.2017
I Veøy landskapsvernområde finn vi mange viktige verdiar. Forvaltningsplanen legg opp til eit samarbeid mellom dei ulike faginteressene i verneområdet. Saman skal vi skjøtte området til det beste for arkeologi, kulturhistorie og natur, samtidig som bruken av øya som rekreasjonsmål skal halde fram.
18.12.2017
Fylkesmannen har inngått skjøtselsavtale for 30 verdifulle kystlyngheier, over 150 artsrike slåttemarker og nokre få slåttemyrer i løpet av dei siste åra. Aktiv skjøtsel basert på faglege råd i skjøtselsplanar skal bidra til å betre tilstanden for desse naturtypane. Arbeidet er forankra i mål i nasjonale handlingsplanar.
Herøy og Vanylven møtte 6. og 7. desember til ei oppstartssamling for samarbeidsprosjektet kommunane imellom.
08.12.2017
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i to klagesaker om jordvernomsyn. Vurderingskriteria i begge desse sakene gjeld alle dispensasjonsvurderinger, som handlar om omdisponering av landbruksareal, og kan vere ei nyttig rettesnor i framtidig sakshandsaming for kommunane i Møre og Romsdal.
04.12.2017
Lag ei matpakke med mat frå Vestnes og kombiner med lokale aktivitetar! Dette var oppdraget som elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule fekk på innovasjonscamp førre veke.
03.11.2017
Fylkesmannen er ute med nytt nyhendebrev på Landbruks- og matdepartementet si nettside, nr 2/2017.
01.11.2017
Petter Melchior og Torunn Ljøen frå Melchiorgarden i Norddal er tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal 2017. Gjennom tradisjonell geitmjølkproduksjon, kjekjøttforedling, bærforedling og turisme har gardbrukarparet skapt ei robust bedrift som gir eit godt økonomisk resultat.
19.10.2017
Så mykje som 92 prosent av verdiskapinga i jordbruket i Møre og Romsdal kjem frå mjølk, storfe, sau og geit. Nesten alt jordbruksareal i fylket er i bruk til gras. Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi.
11.10.2017
H.M. Kongen har utnevnt korpedagog Per Oddvar Hildre, Ålesund til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for hans fremragende innsats for kor og kultur.
10.10.2017