Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Jæren Friluftsråd har, i samarbeid med grunneigar og Fylkesmannen i Rogaland, gjennomført eit storstilt ryddeprosjekt på Vik i Klepp kommune. Store mengder plast og anna avfall er fjerna. Den naturlege stranda framstår no som godt restaurert, til glede for grunneigar og dyre- og planteliv.
18.11.2020
Meteorologisk institutt endrer på farevarslinga for høg vasstand, for at vi skal få betre og enklare oversikt over gyldige farevarsel.
13.11.2020
For å slå ned eit lokalt smitteutbrot må kommunane handle raskt og målretta. Det er viktig å sjå kva ressursar som er tilgjengelege i eigen organisasjon, i nabokommunar og på regionalt og nasjonalt nivå. Døme opå korleis dette kan gjerast finn de i vedlagte prosedyre.
Må alle som kjem frå utlandet opphalda seg i karantenehotell nå? Det er mange spørsmål som dukkar opp etter at regjeringa innførte smitteverntiltak i sist veke. Her kan du få svar.
11.11.2020
Fylkesmannen i Rogaland skal i løpet av november 2020 fordele to ekstra skjønnstilskot til kommunane i Rogaland som følgje av covid-19-pandemien. Det er skjønnstilskot til smittevern på 33,3 millionar kroner og skjønnstilskot til oppfølging av TISK-strategien ved større virusutbrot på 35,0 millionar kroner.
02.11.2020
Det er mange som på ulike måtar strever i livet sitt. Erfaring viser at folk flest snakkar for sjeldan om sjølvmordstankar med dei dei er bekymra for. Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular har ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord.
30.10.2020
Miljødirektoratet har i brev av 15.10.2020 godkjent "Besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde". Besøksstrategien blei utarbeidd av Fylkesmannen etter godt samarbeid med kommunar, Rogaland fylkeskommune, Jæren friluftsråd og fleire innspel i samband med lokal høyring.
29.10.2020, Endra 09.12.2020
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd nytt aktsemdkart for flaum. Det er basert på meir detaljerte grunnlagsdata for vatn og terreng enn det gamle kartet. Dette gir eit betre grunnlag for arealplanlegging på flaumutsette areal.
19.10.2020
Det høyrest kanskje sjølvsagt ut, men det er viktig å minna oss sjølv på det. 16. oktober er verdas matvaredag. Korfor skal me bry oss om dét i Rogaland?
16.10.2020
Fylkesmannen har gjort ei fordeling til kommunane i Rogaland av både restskjønn for 2020 og av ekstra skjønnstilskot til meirutgifter i samband med covid-19-utbrotet. Fylkesmannen har igjen å dele ut ekstra skjønnstilskot til smittevern og til oppfølging av TISK-strategien.
14.10.2020