Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har nyleg uttalt seg om institusjonsopphald for ungdom over 18 år.
28.01.2020
Barneombodet har gitt ut ein rapport om barn som bur barnevernsinstitusjon. Rapporten har fått namnet «De tror vi er shitkids», og har som føremål å seie noko om kva omsorg og behandling barn på barnevernsinstitusjonar får.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arbeider nå med å førebu korleis helsetenesta skal handtera situasjonen dersom det nye coronaviruset kjem til Norge. – Ta kontakt med helsevesenet viss du har vore i Kina og kjenner symptom på sjukdom i luftvegane, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.
24.01.2020
Fylkesmannen oppfordrar alle kommunane i Rogaland til å delta på nettkurs om klimaomstillig og -tilpassing, arrangert av Miljødirektoratet utover våren 2020.
22.01.2020
Forslag til statleg kommunedelplan for ny E39 mellom Lyngdal vest og Ålgård har vore ute på høyring. Fylkesmannen har gitt uttale til anbefalt vegtrase i dag. Uansett kva slag korridor som blir valt vil det gå tapt store verdiar.
17.01.2020
Økonomireglane i den nye kommunelova er sett i verk frå 1. januar 2020. I lova er det nye reglar for kommunale garantiar. Ei ny forskrift om garantiar og finans- og gjeldsforvaltning gjeld også frå 1. januar 2020.
15.01.2020
Frå 2020 skal fylkesmennene og fleire andre statlege tilsynsetatar ta i bruk ein felles nasjonal tilsynskalender for tilsyna deira med kommunar og fylkeskommunar.
14.01.2020
Det er venta ekstremt høg vasstand natt til onsdag, rekna til 80–90 centimeter over høgda i tidevasstabellane. Varselet er nå på raudt nivå og dermed eit ekstremvarsel som har fått namnet Didrik.
Det er varsla høg vasstand i Rogaland natt til onsdag. Varselet er på oransje nivå, som er det nest høgaste og betyr stor fare.
13.01.2020
Josefine Gjøvik Michelsen skal kaste lys over forbrukarpreferansar for økologisk mat i Rogaland.