Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Den 30. april 2018 fekk Avinor AS avdeling Stavanger Lufthavn nytt løyve i medhald av forureiningslova. Avinor har hatt løyve frå år 2000 til avising av fly og til brannøving. Løyva er nå erstatta av eit nytt løyve som også regulerer avising av rullebanar.
02.05.2018
Å drive mjølkebruk i øysamfunn i Boknafjorden kan by på både kjente og ukjente utfordringar. Dei siste tiåra har det vore ein nedgang i talet mjølkebruk i Finnøy kommune.
Laurdag 16. juni 2018 inviterer me til ny statsborgarseremoni i Kuppelhallen i Stavanger. Vinnaren av Benjaminprisen 2017 er årets hovudtalar.
20.04.2018
Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Stråtveit i Vindafjord kommune.
18.04.2018
OPPDATERT: Folk i Gjesdal og Bjerkreim kan berre gleda seg. 17. april kjem Hans Majestet Kongen på besøk. Nå er presseprogrammet for besøket klart.
13.04.2018
Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører årleg undersøkingar i vatn og vassdrag i Rogaland. Dette for å følgja effektane av forsuring og kalking. I tillegg følger vi opp einskilde andre lokalitetar som verken er forsura eller kalka. Desse fungerer som referansar.
10.04.2018
Også i år meldar kommunane om gode resultater for 2017, og igjen er ekstraordinære skatteinntekter ein stor del av forklaringa. Kommunane i Rogaland hadde svakast skattevekst av fylka i 2016. Slik er det også for 2017, men dei får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.
Miljødirektoratet har nyleg presentert det nye verktøyet som produserer klimastatistikk på fylkes- og kommunenivå. Verktøyet er nettbasert og har blitt utvikla i lag med Statistisk sentralbyrå, SSB, og kommunesektorens organisasjon, KS.
09.04.2018
Omfattande marin forsøpling har fått stor merksemd dei seinare år, nasjonalt og i Rogaland. Det vert gjort ein stor innsats av særs mange friluftsfolk, grunneigarar, ideelle og offentlege organisasjonar for å rydde strender og havbotn for enorme menger plastikkavfall.
06.04.2018
Innstrammingar i gjødselvareregelverket vil gi store konsekvensar for jordbruket i Rogaland. Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet har levert sine forslag til ny gjødselvareforskrift, og no blir det opp til styresmaktene å ta stilling til endeleg forskrift.
04.04.2018