Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
4. juni 2016 inviterer Fylkesmannen i Rogaland til ny statsborgarseremoni i Bjergsted i Stavanger. I år har me vore så heldige å få Safia Abdi Haase som hovudtalar.
10.03.2016
Interkommunalt vann-, avløps- og renovasjonsverk (IVAR) ønskjer å nytta Birkelandsvatnet i Bjerkreim som ny drikkevasskjelde. Bakgrunnen er eit aukande behov for vatn i jærkommunane fram mot 2050. Fylkesmannen i Rogaland seier ja, men set klare krav.
03.03.2016
Fredag 26. februar blei det presentert ein intensjonsavtale for danning av ein ny kommune mellom Bokn og Tysvær. Fylkesmannen vil gi ros til den gode dialogen som er komen i stand mellom dei to kommunane, som er i tråd med tilrådinga vår.
29.02.2016
I går besøkte ordførarane i Klepp, Time og Hå kommunal- og moderniseringsministeren i Oslo. Dei fekk gode tilbakemeldingar på både prosessen og intensjonsavtalen som er laga.
25.02.2016
Regjeringa skal laga ein handlingsplan for kosthald. Derfor inviterer statsrådane Bent Høie, Jon Georg Dale og Per Sandberg til konferansen "Måltidsglede - sunt for alle" 15. mars.
22.02.2016
Deira Majestetar Kongen og Dronninga drar på jubileumsreise med Kongeskipet «Norge» i perioden 18. til 29. juni 2016. 27. juni kjem dei til Stavanger.
09.02.2016
Hovudtittelen på konferansen er "Landbruk - varig næring og nye moglegheiter". Stikkord for konferansen er bioøkonomi, jordvern og utbygging i Matfylket Rogaland og det grøne skiftet.
08.02.2016
Hadle Nevøy har takka for seg etter mange år som landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland. Inntil ein ny landbruksdirektør er på plass, er det denne gjengen som styrer landbruksavdelinga.
03.02.2016
Eigersund kommune blei i dag tildelt prisen under Samfunnssikkerhetskonferansen 2016 i Oslo. Konferansen blir arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
01.02.2016
I januar blei det klart at Pål Iden gir seg som fylkeslege og går over i ei stilling som assisterande fagdirektør hos Helse Vest. Inntil ein ny fylkeslege er permanent på plass er Roman Benz og Åshild Vistnes van der Veen konstituerte i helse-, sosial og barnevernsavdelinga hos Fylkesmannen.