Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
PRESSEINFORMASJON: Onsdag 16. november besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger. Han skal møta innovasjonsmiljøet i regionen.
10.11.2016
Ektepar som ønskjer å gå frå kvarandre, kan nå søkja om skilsmisse gjennom eit elektronisk søknadsskjema.
28.10.2016
Kommune- og regionreforma har gjort det nødvendig for regjeringa å vurdera fylkesmannsstrukturen. I sommar blei den førebelse rapporten sendt på innspelsrunde. Fylkesmannen i Rogaland meiner at Rogaland framleis må ha eigen fylkesmann.
17.10.2016
Tidlegare fylkeslege i Rogaland, Ole Mathis Hetta, fekk fredag overrekt diplom og medalje av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.
05.09.2016
Måndag 29. august besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger. Han besøker Mulighetsterminalen og opnar seinare på dagen ONS 2016. Her skal han også innom enkelte utstillarar.
19.08.2016
Deira Majestetar Kongen og Dronninga har invitert 1 500 gjester til hagefest i Slottsparken 1. september 2016. 50 personar frå kvart fylke og Svalbard er blant dei mange inviterte.
16.08.2016
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring fleire forslag til endring av lovverket som regulerer høvet til fri rettshjelp. Fylkesmannen i Rogaland har innvendingar mot fleire av forslaga.
14.07.2016
Måndag 27. juni besøker Deira Majestetar Kongen og Dronninga Stavanger i samband med jubileumsreisa. Reisa er eit ledd i markeringane av 25-årsjubileet til kongeparet. Planlegginga av både folkefesten og hagefesten er godt i gang.
18.05.2016
Deira Majestetar Kongen og Dronninga drar på jubileumsreise med Kongeskipet «Norge» i perioden 18. til 29. juni 2016. 27. juni kjem dei til Stavanger.
09.02.2016
Fredag 11. desember besøker H.K.H. Kronprinsen dei flaumramma områda i Bjerkreim og Kvinesdal. Heldigvis har ikkje menneskeliv gått tapt som følgje av ekstremvêret «Synne», men bønder har mista dyr, og dei materielle skadane er store enkelte stader. Også justisminister Anders Anundsen blir med i følget til Rogaland og Vest-Agder.
10.12.2015
Arbeidsløysa i Rogaland auka med 70 prosent frå september 2014 til same månad i år. Nesten 10.000 rogalendingar står nå utanfor arbeidsmarknaden. I ein slik situasjon er det tid for å henta fram den gode dugnadsånda.
14.10.2015
Ei stor ære. Ei stor overrasking. Det var gjennomgangstonen då Jon Olav Velde, Olaug Nevland, Idar Møller og Tore Sandvik besøkte Fylkesmannen. 15. oktober er dei inviterte til Afternoon Tea på Slottet.
01.10.2015