Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen inviterer i samarbeid med KS Rogaland til den årlege kommuneøkonomidagen torsdag 14. mai 2020 på Clarion Hotel Energy i Stavanger.
Kommuneøkonomidagen er ein fast årleg samling for ordførarar, kommunedirektørar/rådmenn og økonomiansvarlege i kommunane.
12.02.2020
Kommunar må i åra som kjem tenke endå meir nytt om tenesteproduksjonen. Endringar i befolkningssamansetning, endra innbyggartal – og forventningar - betyr auka behov for fornying. Ny teknologi og digitalisering skaper nye moglegheiter. Nye løysningar må prøvast ut.
11.02.2020
Frå årsskiftet blei talet på kommunar i Rogaland redusert frå 26 til 23. Eit gjennomgåande trekk ved kommunereforma som ligg bak oss er at store kommunar blei endå større. Dette gjeld ikkje minst i Rogaland. Då blir dei minste kommunane relativt sett mindre. På kort sikt er ikkje dette problematisk, men er kommunekartet i Rogaland tilpassa dagens og framtidige utfordringar? Mykje tyder på at så ikkje er tilfellet.
04.02.2020
No er det definert intervall for kvalitetssikring av kostnader til reinhald og energi. God kvalitet på KOSTRA-data er ein føresetnad for at statistikken skal ha nytteverdi for både kommunar som vil samanlikne seg med andre kommunar og KOSTRA-grupper, og for statlege einingar som nyttar tala til ulike analysar.
20.01.2020
Økonomireglane i den nye kommunelova er sett i verk frå 1. januar 2020. I lova er det nye reglar for kommunale garantiar. Ei ny forskrift om garantiar og finans- og gjeldsforvaltning gjeld også frå 1. januar 2020.
15.01.2020
I ny kommunelov er det krav om at kommunestyret skal gi forskrift om dei folkevalde si rett til dekning av kostnader og økonomisk tap (§8-3), arbeidsgodtgjersle (§8-4), ettergodtgjersle (8-6) og permisjonar. Kravet om forskriftsform er nytt.
19.12.2019
Fylkesmannen opphevar kommunestyrets vedtak om val av formannskap for perioden 2019-2023. Kravet til kjønnsbalanse på den eine lista var ikkje oppfylt «så langt det er mulig».
16.12.2019
Kommunane, dei interkommunale selskapa og kommunale føretaka skal rapportere skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 17. februar 2020. Tenestedata og rekneskapstal inngår i nøkkeltal og grunnlagsdata om ressursbruk og tenester mv. i kommunesektoren.
25.11.2019
Sokndal kommune søkte om dekking av utgiftene som dei fekk som følgje av brannane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no innvilga søknaden med kroner 700 000.
14.10.2019
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har dei siste dagane motteke mange spørsmål om val av ordførar og varaordførar etter den nye kommuneloven. Fleire kommunar har valt ordførar og varaordførar ved skriftleg avstemming, noko som ikkje lenger er lov.
11.10.2019
Regjeringa la i dag, 07. oktober 2019, fram forslag til statsbudsjett for 2020 (Prop. 1 S 2019-2020). Vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget.
07.10.2019
Møta blir arrangert regionvis i 2020. Dei nye kommunestyra har ennå ikkje konstituert seg, men fylkesmann Lone M. Solheim inviterer alt nå til tidleg dialog og godt samarbeid.
03.10.2019