Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Ny kabal for 66 millionar kroner i regionalt miljøtilskot skal leggast i 2022. Regionalt miljøprogram skal treffe miljøutfordringane i Rogaland, og Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag skal i fellesskap velje ut kva slags miljøtilskot som skal gjelde i fylket.
12.07.2022
Skal bøndene i Rogaland kunne søke tilskot til bruk av biokull? Det er eit av spørsmåla vi må ta stilling til i rulleringa av Regionalt miljøprogram. Velkomen til temamøte 20. september med faglege innlegg, og høve til å gi innspel til bruken av 66 millionar kroner i Regionalt miljøprogram i Rogaland.
08.07.2022
Møtet er avlyst, og blir erstatta med faginnlegg og diskusjon under tilskotssamling 21. september for kommunal landbruksforvaltning.
07.07.2022
20,7 millionar kroner i auka ramme for Regionalt miljøprogram i Rogaland blei resultatet i årets jordbruksoppgjer. Dermed kan bønder i fylket søke regionalt miljøtilskot for til saman 66,4 millionar kroner i søknadsomgangen 2022.
06.07.2022
Biogassanlegg basert på landbruket sine ressursar har i dag lite omfang i Norge. Men alt tyder på at det framover kjem til å bli etablert nye anlegg av ulike storleikar, som er basert på ulike substrat. Med fleire aktørar involverte kan kompleksiteten i slike anlegg fort bli stor, noko som føreset gode avtaleverk i botn.
Matkulturprisen gikk til Bellies, en restaurant med kun vegansk mat på menyen.
05.07.2022
Sandnes kommune har revidert heile kommuneplanen sin. Statsforvaltaren i Rogaland meiner kommunen har gjort eit solid arbeid, og har uttalt seg til planen.
01.07.2022
Slakteria Nortura, Fatland og Prima er no i gang med å planlegge samling for rådgivarar som er i kontakt med rogalandsbonden. Saman skal dei arbeide for å auke kompetansen hos rådgivarane i møte med bønder som har utfordringar.
Statsforvaltaren har ansvar for å føre kontroll med at husdyrkonsesjonsregelverket blir overhalde. Vi gjennomfører no kontroll av produksjonen i 2021.
Det Norske Måltid er en årlig kåring av de beste mat- og drikkeprodusenter. Påmeldingen er åpen frem til 15. august.
På bakgrunn av smitte av høypatogen fugleinfluensa hos villfugl, har Mattilsynet innført portforbud for fjørfe i 17 kommuner i Rogaland. Dette er et viktig tiltak for å forhindre spredning av viruset og redusere risikoen for at fugler i kommersielle fjørfehold blir smittet.
30.06.2022
Saman med Statsforvaltaren i Agder inviterer vi tilsette i landbruksforvaltninga til todagars kulturlandskapskurs i Eigersund.
28.06.2022