Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I 2021 har Statsforvaltaren inngått eit samarbeid med kommunane i Rogaland og bondelaga for å motivere gardbrukarar til å fjerne piggtrådgjerde.Prosjektet er kalla «piggfrie gardsbruk 2021». Målsettinga er å fjerne gamal og/eller ståande piggtråd i landbruket. Gardbrukaren blir honorert med tilskot og rabatt ved innkjøp av piggfri stålwire.
22.02.2021
I 2020 uttalte Statsforvaltaren i Rogaland seg til 487 dispensasjonssøknader. Vi klaga på 17 saker der kommunane hadde gitt dispensasjon mot våre råd. Dersom kommunen ikkje tek slike klagar til følgje, vert sakene som hovudregel avgjort av ein settestatsforvaltar.
19.02.2021
I 2018 hadde kvar tredje pelsdyroppdrettar i Noreg bustadadresse i Rogaland, og nær 50 prosent av verdiskapinga i pelsdyrnæringa skjedde i vårt fylke. No visar det seg at avviklinga går mykje raskare enn forventa. 64 av 69 oppdrettarar med minkproduksjon har avvikla produksjonen.
Me inviterar til kveldswebinar med tema ungskogpleie torsdag 4. mars. Ungskogpleie er eit av dei mest lønsame tiltaka ein skogeigar kan gjera i skogen sin. Gjennom ungskogpleien blir tidlegare investeringar i forynging ivareteke, samtidig som ein legg til rette optimal produksjon og valmoglegheiter i framtida.
18.02.2021
Det er eit stort potensiale for å legge om til fornybar oppvarming i større varmesentralar og i driftsbygningar til kylling, smågris og veksthus. Difor blir det satsa vidare på gardsvarme i Rogaland.
l Bymiljøpakke Nord- Jæren, har Statsforvalteren et ansvar for å følge opp med en regional tilpasset strategi for lokaliseringen av statlige virksomheter. Arbeidet skal etter planen settes i gang i løpet av våren 2021.
17.02.2021
Allereie første veka i januar kunne Innovasjon Norge Rogaland melde om heile 42 innkomne søknader om investeringsmidlar, med samla søknadssum på om lag 39 millionar kroner. Ramma for IBU-midlar i Rogaland for 2021 er om lag 38 millionar kroner.
Ifølgje melding frå Landbruksdirektoratet blir det utbetalt om lag 10,3 mrd. kroner til ca. 38 200 jordbruksføretak i Noreg onsdag 17. februar.
16.02.2021
I Rogaland og Vestland har Norsvin starta prosjektet "Friskare gris med SPF-Rogaland og Vestland". Kort avstand mellom besetningane gjer det ekstra viktig med brei involvering og koordinering for å lukkast med omlegging til SPF.
Statsforvaltaren har i to saker gjort løyvingar som i ettertid viser seg var feil. Slik gjeldande lovverk er utforma, har ikkje dei som leiger ut pelsdyranlegg rett på kompensasjon for avvikling av hald av pelsdyr. Vi må difor trekke desse midla tilbake.
15.02.2021
Suldal kommune skal revidere både samfunns- og arealdel i kommuneplanen og har hatt planprogrammet ute til offentleg høyring.
Hå kommune skal revidere både samfunns- og arealdelen av kommuneplanen og har nyleg hatt planprogrammet ute på høyring.