Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Ragn Sells AS avd Haugesund har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget i Sundvegen 466 i Karmøy kommune. Endringa er grunna krav om finansiell sikring for verksemda.
24.11.2017
Friviljuge lyngbrennarar dannar eit brennelag som tek i bruk moderne verkemiddel for å styrka skjøtselen av kulturlandskapet og gjera den tradisjonelle lyngheibrenninga tryggare og meir effektiv. Då trengst eit nært samarbeid med brannvesen og politi i distrikta. Eldsjelene inviterer til ein møteserie i/på Strand, Vikeså, Helleland og Gjesdal, 27-29 november.
23.11.2017
Strand kommune planlegg å sanera kaia innerst i Jørpelandsvågen, i den samanhengen søker dei om løyve etter forureiningslova til mudring i sjø og riving av kaia.
22.11.2017
Geminor AS har fått endra løyve for anlegget i Storøyvegen 75 - 80 på Steinsøy i Karmøy kommune
Suldal Renovasjon AS er gitt løyve til mottak og lagring av farleg avfall i konteinar på verksemda sin eigedom Gåsavikja 17 i Suldal kommune.
Statens vegvesen Region vest søker om løyve til etablering av to utsleppspunkt og mellombels utslepp av anleggsvatn ved Arsvågen i Bokn kommune.
21.11.2017
Soltin AS, Storøy tankanlegg, har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda i Karmøy kommune.
SAR AS i Oljeveien 5 har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda på Tananger i Sola kommune.
SAR AS avd Tananger - Dusavik har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda på NorSea-basen i Sola kommune.
SAR AS avd. Tananger har fått endra løyve grunna finansiell sikring av mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda på ASCO-basen i Sola kommune.
Maritime Waste Management AS i Dusavika har etter finansiell sikring fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall ved verksemda i Stavanger.
16.11.2017
Fylkesmannen har gitt Norpri AS løyve til drift av anlegg for nedskjering og stykking av kjøtt i Næringsveien 27 på Kviamarka i Hå kommune.