Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen har gitt Rogaland Pelsdyrfôrlag SA nytt løyve etter forureiningslova. Løyvet gjeld produksjon av pelsdyrfôr ved prosessanlegget i Sirevåg i Hå kommune. Prosessavlaupet er kopla til offentleg avlaupsanlegg.
24.06.2016
Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall vart endra 1. januar i år. Fleire krav som før var regulert i eigne løyve, finn ein no i vedlegg 4. Det vert sett krav til etablering av finansiell sikring for anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall. Verksemda må sende inn forslag til finansiell sikring til Fylkesmannen innan 1. juli 2016.
23.06.2016
Fylkesmannen har gitt Stavangerregionen Havnedrift AS løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø ved gnr. 4 bnr. 142 Melingssiden, Tananger i Sola kommune.
22.06.2016
Miljødirektoratet har handsama klagen frå Figgjo elveeigarlag og gitt medhald til Hermod Teigen AS sitt nye anlegg på Foss-Eikeland i Sandnes.
15.06.2016
Husøy Eigedom AS har fått endra løyve til arbeider i sjø ved gnr. 86 bnr. 71 Husøy i Karmøy kommune.
14.06.2016
Schlumberger Norge AS avd. NorSea base, har søkt om endring av gjeldande løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall i Dusavik i Stavanger kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
09.06.2016
Fylkesmannen har gitt IVAR IKS løyve etter forureiningslova til Forus avfallssorteringsanlegg. Løyve gjeld mottak, sortering og behandling av inntil 130 000 tonn husholdningsavfall og inntil 35 000 tonn papirfraksjonar årleg
Fylkesmannen har gitt IVAR IKS nytt løyve etter forureiningslova til IVAR renseanlegg Bore. Løyve gjeld utslepp av reinsa avlaupsvatn tilsvarande 30 000 pe.
Strand vidaregåande skule har fått endra løyve til mudring av sediment framfor kaifronten i Tauvågen i Strand kommune.
08.06.2016
Schlumberger Norge AS har søkt om enda løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på NorSea base i Dusavik, Stavanger kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
07.06.2016
Fylkesmannen har gitt Bertelsen & Garpestad AS løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eiendommen 47/26 m.fl. Langholmen i Eigersund kommune.
02.06.2016
Statens vegvesen Region vest søkjer om løyve til utfylling og mellombels utslepp av anleggsvatn i sjø ved gnr./bnr. 50/4 i Mekjarvik i Randaberg kommune. Frist for å uttale seg om søknadane er 4 veker.