Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nettsida Miljøstatus i Suldal blir i dag relansert i ei ny og moderne utgåve. Målet er gi samla, oppdatert og brukarvennleg informasjon om natur, friluftsliv, miljø og kulturminne i kommunen.
27.09.2015
Planting av skog er eit klimatiltak. Klimaskogprosjektet i Rogaland skal balansere omsyn til klima, naturverdiar og verdiskaping på ein god måte. Nyleg blei Ingeborg Anker-Rasch tilsett som prosjektleiar.
18.09.2015
I haust skal Fylkesmannen i Rogaland delta i ein landsomfattande kontrollaksjon for å sjekka at anleggsarbeid knytt til arbeid i sjø følgjer miljøregelverket.
16.09.2015
Fylkesmannen har gitt Karmsund Havnevesen IKS løyve til utfylling ved Husøy, Karmøy kommune.
08.09.2015
Fylkesmannen har gitt Statens Vegvesen, Region Vest løyve til utfylling ved Helganes, Suldalsvatnet, Suldal kommune.
01.09.2015
Fylkesmannen har gitt Statnett SF løyve til mudring i Kvilldalsvika, Suldalsvatnet i Suldal kommune.
18 saker var meklingstema 11. august. Mekling om kommuneplan Sola 2015-2026 ga forslag til løysing på dei fleste sakene.
26.08.2015
Vi gjennomfører sommaren 2015 naturtypekartlegging i hovudsak av kystlynghei i heile fylket, men og av store eiker, skog og andre naturtypar. Tidspunkt for kartlegginga er avhengig av framdrifta i arbeidet, været m.m. og vi orienterer difor grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.
06.07.2015
Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering for Vats- og Yrkesfjorden. - Me lyttar til kommunen sine ønske om å leggja til rette for arbeidsplassar og verdiskaping i Vindafjord, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
24.06.2015
Planting av skog på nye areal, er eitt av tiltaka i klimaforliket som Stortinget vedtok i 2012. Rogaland er nå peika ut som eitt av tre pilotfylke i ei treårig satsing.
17.06.2015
Støtteordninga for vinterskade på eng blei avvikla ved jordbruksforhandlingane no i vår. Meir konkret betyr det at 2015 er siste året med statleg støtte til utbetring av klimabetinga vinterskade på eng.
07.06.2015
Fredag 29. mai 2015 blei dvergålegras ein prioritert art etter naturmangfaldlova. Dette betyr at det bl.a. blir forbod mot å fjerna eller plukka den. Det betyr og at det vil måtte leggast strengare restriksjonar på utbygging og tiltak som truar dvergålegras.
03.06.2015