Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen har handsama om lag 40 søknadar om planting av juletre sidan forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelda 30. september 2012. Med få unntak har alle fått innvilga søknadane.
20.02.2013
Fylkesmannen har godkjent forvaltningsplanar for 29 statleg sikra friluftsområde på Haugalandet. Slik godkjenning er ein føresetnad for å få statlege midlar til skjøtsel og tilrettelegging. Friluftsrådet Vest får skryt for oversiktelege planar og mange konkrete framlegg til eit endå betre tilbod for allmenta.
19.02.2013
Fylkesmannen fremjer motsegn til planane om eit vindkraftanlegg på Siragrunnen i Sokndal og Flekkefjord kommunar. Omsynet til fiskeri, store fugletrekk og landskapsverknader er sentrale faktorar i grunngjevinga.
11.02.2013
Dette er det første frivillige barskogvernet i Rogaland. Reservatet dekker eit areal på 5,7 km2 på nordsida av Hålandsdalen i Suldal kommune. Verneforskrifta opnar for allmenn ferdsel - mellom anna bærplukking - og beiting av husdyr.
28.01.2013
Vi er no inne i ein kald og vakker periode med is på dei fleste vatn. Isen vert snart trygg for ferdsel, og dette er ei flott oppleving. På same tid fryktar Fylkesmannen ei gjentaking frå tidlegare år med bilkøyring på islagte vatn.
17.01.2013
For andre år på rad vart det i fjor påvist vellykka hekking av åkerrikse i Noreg; eit kull med 5 ungar, og eit reir med klekte egg, begge på Karmøy i Rogaland. Det vart også rapportert om mogleg hekking i Oppland. I alt vart det i 2012 rapportert om 164 syngande åkerrikser.
15.01.2013
Fylkesmannen i Rogaland stør framlegget om kystlynghei som utvald naturtype. Husdyrfylket Rogaland har, trass i omfattande oppdyrking, oppgjødsling og vindkraftkonsesjonar, etter måten store areal med kystlynghei med eit særprega plante- og dyreliv med fleire raudlisteartar.
07.12.2012
21.11.2012
Miljøverndepartementet godkjenner ikkje kommunedelplan for omkøyringsveg rundt Åkra på Karmøy. Departementet meiner at føreslått vegalternativ vil få store negative følgjer for nasjonalt og regionalt naturmangfald, jordbruk, friluftsliv og landskap. Motsegna frå Fylkesmannen til planen vart dermed tatt til følgje.
25.10.2012
Romsaøyane i Vindafjord er for all framtid sikra som friluftslivsområde for deg og meg. Desse øyperlene byr på gode havner for båtfolket, turstiar, fiskemuligheter og fine badeviker. På austsida av Store-Romsa ligg Noregs størst naturreservat for kristtorn.
24.10.2012
Grønor (Alnus viridis) spreier seg aggressivt, særleg på open mark, men også langs traktorvegar, langs dreneringsgrøfter og bekkeløp. Arten vart planta inn ved bygging av ny veg mellom Jørpeland og Forsand tidleg på 1990-talet.
23.10.2012
Søknadsfristen for tap til kongeørn, gaupe, jerv, bjørn og ulv er 1. november. Søknad bør sendast om elektronisk søknadssenter, men papirskjema kan også nyttast. Alle dokumenterte tap til rovvilt blir erstatta i tillegg til tap som mest sannsynleg skuldast rovvilt. Søknad skal sendast til fylkesmannen i heimfylket.
15.10.2012