Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
16. oktober er verdas matvaredag. Dagen er blant anna meint å minne oss om at mange menneskje fortsett svelt. Sjølv om vi i Noreg i det daglege ikkje opplever mangel på mat, er situasjonen i mange utviklingsland ein ganske anna.
16.10.2019
Sokndal kommune søkte om dekking av utgiftene som dei fekk som følgje av brannane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no innvilga søknaden med kroner 700 000.
14.10.2019
Regjeringa la i dag, 07. oktober 2019, fram forslag til statsbudsjett for 2020 (Prop. 1 S 2019-2020). Vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget.
07.10.2019
Møta blir arrangert regionvis i 2020. Dei nye kommunestyra har ennå ikkje konstituert seg, men fylkesmann Lone M. Solheim inviterer alt nå til tidleg dialog og godt samarbeid.
03.10.2019
To av dei 13 områda i forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land ligg i Rogaland. Ramma må korrigerast, og vera del av ein samla og overordna energistrategi. Store område må takast ut av ramma, meiner Fylkesmannen i Rogaland.
01.10.2019
Fylkesmannen har i brev av 23.09.2019 klart rådd frå at Ålgårdbanen blir teken ut av det nasjonale banenettet. Vi meiner det gir feil signal å ta bort eit banebasert alternativ mellom Sandnes og Ålgård.
4.–5. oktober breker det laust på Varhaug. Her får vi sjå verdas beste saueklipparar i aksjon, og store og små er velkomen til Varhaughallen. – Me er stolte over at tevlinga blir lagt hit, kvar femte sau kjem jo frå Rogaland, seier landbruksdirektør Geir Skadberg
Den reviderte nasjonale jordvernstrategien frå 2015 har sett fart på jordvernarbeidet i Rogaland. Jordvern er nå forankra i eigen regional strategi og plan, og får meir merksemd også i det kommunale planarbeidet. Det gir gode utsikter for jordvern i matfylket Rogaland.
30.09.2019
Fylkesmannen i Rogaland har gitt uttale til forslag til kompensasjonsordning etter avvikling av hald av pelsdyr. Her peikar me på at det å bruke bokført verdi som grunnlag ikkje utan vidare gir ein rettferdig kompensasjon.
23.09.2019