Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Gratulerer, Sandnes kommune! Kommunen vann i dag Statens pris for boligsosialt arbeid 2016.
01.11.2016
Ektepar som ønskjer å gå frå kvarandre, kan nå søkja om skilsmisse gjennom eit elektronisk søknadsskjema.
28.10.2016
Kommune- og regionreforma har gjort det nødvendig for regjeringa å vurdera fylkesmannsstrukturen. I sommar blei den førebelse rapporten sendt på innspelsrunde. Fylkesmannen i Rogaland meiner at Rogaland framleis må ha eigen fylkesmann.
17.10.2016
Fristen for å søka om erstatning for skadar på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skadar frå rovdyr på husdyr. Alle søknadar må leverast elektronisk.
Rettleiaren Havnivåstigning og stormflo - samfunnssikkerhet i kommunal planlegging legg fram nye tal på forventa havnivåauke. Utrekningane er baserte på funn frå FNs klimapanel - og tala er tilpassa norske forhold.
13.10.2016
Dette er tema for Samfunnssikkerhetskonferansen onsdag 4. januar 2017. Konferansen tar føre seg truslar mot Noreg, kva som skaper frykt og kva dette betyr for dimensjoneringa av beredskapen.
Forslag til statsbudsjett blei lagt fram torsdag 6. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 2,4 %, mot 2,7 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2016.
06.10.2016
Mange elevar har det godt på skolen. Skolemiljøet fremjar både helsa, trivselen og læringa deira. Dei møter venner på skolen og utviklar seg positivt både fagleg og sosialt. Dessverre er det ikkje slik for alle. Nokre elevar får vondt i magen berre ved tanken på skolen. Dei blir inneslutta og redde og klarer ikkje å konsentrere seg om det dei skal lære. Dei har kanskje berre nokre få som dei stolar på. Nokre har ingen. Kva kan vi gjere?
04.10.2016
Eit nytt lågtrykk har kome over Vestlandet og Rogaland. Dette kan føra til lokalt mykje regn. NVE har i dag oppgradert flaumvarselet til oransje nivå for tre rogalandskommunar.
29.09.2016