Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arbeider nå med å førebu korleis helsetenesta skal handtera situasjonen dersom det nye coronaviruset kjem til Norge. – Ta kontakt med helsevesenet viss du har vore i Kina og kjenner symptom på sjukdom i luftvegane, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.
24.01.2020
Det er venta ekstremt høg vasstand natt til onsdag, rekna til 80–90 centimeter over høgda i tidevasstabellane. Varselet er nå på raudt nivå og dermed eit ekstremvarsel som har fått namnet Didrik.
14.01.2020
Det er varsla høg vasstand i Rogaland natt til onsdag. Varselet er på oransje nivå, som er det nest høgaste og betyr stor fare.
13.01.2020
Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring Beredskapshjemmelutvalget si utgreiing NOU 2019: 13 Når krisen inntreffer. I utgreiinga foreslår utvalet at det blir innført ei eiga krisefullmaktslov med ei sektorovergripande fullmakts- og suspensjonsheimel. Her er høyringssuttalen til Fylkesmannen i Rogaland
20.12.2019
Brannstatistikk.no er ei ny teneste frå DSB som mellom anna gir deg oversikt over alle utrykkingane til brann- og redningstenesta i Noreg. Av dei ti største kommunane i Noreg, er det Stavanger og Sandnes som kjem best ut på tal brannar per innbyggar.
19.12.2019
Kjelda er ei metallstong, om lag éin meter lang, med eit radioaktivt belegg. Stonga er brukt i industrien til å fjerna statisk elektrisitet. Ho er nå forsvarleg sikra – og blir transportert og avfallshandtert i tråd med regelverket.
13.12.2019
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) handterer ei hending der radioaktivt avfall er oppdaga i ein kontainar som skulle til metallgjenvinning i Eigersund kommune. Kontainaren er sperra av - og Sivilforsvaret og DSA har utført målingar.
12.12.2019
Meteorologisk institutt har i dag sendt ut varsel om høg vasstand i kveld. Vasstanden er venta på sitt høgaste mellom kl. 22 og midnatt.
11.12.2019
Dette er ikkje dagen å bevega seg for mykje ute, dersom du absolutt ikkje må.
10.12.2019
Korleis kan kontrollert brenning av lyng og rydding av kratt ver med på å førebygge villbrannar? Det blir invitert til fagdag om naturbrann på tvers av fagfelt.
17.10.2019
Sokndal kommune søkte om dekking av utgiftene som dei fekk som følgje av brannane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no innvilga søknaden med kroner 700 000.
14.10.2019
Møta blir arrangert regionvis i 2020. Dei nye kommunestyra har ennå ikkje konstituert seg, men fylkesmann Lone M. Solheim inviterer alt nå til tidleg dialog og godt samarbeid.
03.10.2019