Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I det nye informasjonsbrevet kan de lese meir om relevant informasjon for Leve heile livet-arbeidet i Vestland.
17.02.2022
For å nå måla i den bustadsosiale strategien Bolig for velferd (2014–2020), har Husbanken gjennomført eit bustadsosialt kommuneprogram. I programperioden har mellom anna fleire vanskelegstilte barnefamiliar fått høve til å kjøpe eigen bustad, og fleire kommunar samordnar i større grad bustad og tenester.
10.02.2022
Høgskulen på Vestlandet har utarbeida ein rettleiar om korleis velferdsteknologi kan gjere det lettare for personar med samansette og langvarige rus- og psykisk helseutfordringar å få tilgong til og behalda eigna bustad over tid. Rettleiaren kan vere til nytte for kommunane i deira bustadsosiale arbeid.
02.02.2022
Tilskotet skal bidra til kompetanseheving og innovasjon for å styrke kommunane si evne til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet med berekraftige og gode tiltak og tenester.
01.02.2022, Oppdatert 10.02.2022
Vi ønskjer alle ei fredeleg jul og eit godt nytt år.
23.12.2021
Etter møte med kommunane og helseføretaka i bergensområdet i dag har vi sendt våre tilrådingar om forskrift til Helsedirektoratet for vidare vurdering.
03.12.2021
Statsforvaltaren i Vestland tilrår at regjeringa forskriftsfestar regionale tiltak for tolv kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen.
02.12.2021
Etter møte med alle kommunane og sjukehusa i Helse Bergens føretaksområde torsdag morgon, har Statsforvaltaren sett i gang arbeid med forslag til regional forskrift. Forslaget skal sendast til Helsedirektoratet, med ei oppmoding om å legge den fram for regjeringa.
Kontoret i Førde er stengt tysdag og onsdag 30.11 og 1.12. Det vil ikkje vere mogleg å få apostillestempel på dokument desse dagane.
30.11.2021
Leve heile livet-konferansane i regi av det regionale støtteapparatet hadde deltakarar frå nær alle kommunane i fylket. Fekk du ikkje med deg konferansen, kan du sjå innlegget frå Helsedirektoratet her.
25.11.2021