Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har i år hatt 80 millionar kroner til rådvelde til utvikling av sosiale tenester og tiltak etter sosialtenestelova. Om lag ein tidel av pengane går til tolv Nav-kontor i vårt område. Fem av tiltaka er nye i år.
25.04.2019
Arbeidet med å betre pasienttryggleik og redusere pasientskadar skal styrkjast.
23.04.2019
Fylkesmannen i Vestland har det nasjonale koordineringsansvaret for fengselsundervising, og arrangerer 24.-26.april den årlege, nasjonale fagsamlinga om opplæring innan kriminalomsorga. Fylkesmann Lars Sponheim og Roger Ellingsen frå Wayback vil opne konferansen i Bergen.
16.04.2019
Ein pasient fekk ved ein feil operert ut tjukktarmen ved Haukeland universitetssjukehus. Årsakene til hendinga var samansette. Rutinane som skal sikre at rett pasient får rett inngrep, svikta på fleire område. Klinikkleiinga må ta ansvaret saman med dei som opererte. Sjukehuset har sett i verk fleire tiltak som følgje av hendinga.
11.04.2019
På Fylkesmannen i Vestland si heimeside finn du folkehelseoversiktane til kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.
10.04.2019
Det nye spesialistutdanningsløpet for legar i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin trådde i kraft 1. mars 2019 for del 2/3.
09.04.2019
Helsedirektoratet har i ei tolkingsfråsegn avklara at kommunane pliktar å betale for nødvendige medisinar ved avlastningsopphald i kommunale helseinstitusjonar. Dette gjeld når formålet med korttidsopphaldet i sjukeheim eller annan institusjon er å avlaste pårørande for deira omsorgsoppgåver.
05.04.2019
Handhygiene er eit svært viktig tiltak i kampen mot antibiotikaresistens og helsetenesteassosierte infeksjonar. Markeringa er ein viktig del av det førebyggande arbeidet.
29.03.2019
Fylkesmannen i Vestland har på førespurnad frå Folkehelseinstituttet (FHI) kartlagt kommunane sitt tilbod om vaksinasjon mot smittsam hjernehinnebetennelse.
Helsedirektoratet sender om kort tid ut ei spørjeundersøking med svarfrist 5. april 2019.
15.03.2019